| 12. september 2011 - Kommunestyre- og Fylkestingsval 2011 |
Kva må eg ha med for å røyste?Vallova seier at ein velgjar som er ukjend for røystemottakar skal legitimere seg. Ta derfor med legitimasjon når du skal røyste, det er ikkje nok å oppgi namn og fødselsdato. Legitimasjon kan til dømes vere pass, førarkort og bankkort med bilete. Dersom du oppheld deg på ein institusjon som sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan du få ein tilsett ved institusjonen til å stadfeste identiteten din. Det er ikkje nødvendig å ha med valkort, men det lettar arbeidet for valfunksjonærane dersom du tar det med, og det vil gå raskare for deg å røyste. RøysterettDesse har røysterett:
Alle som skal røyste, må vere innførte i manntalet. Manntalet er oversikta over dei som har røysterett i kommunen. Du står i manntalet i den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2011. Har du flytta, er det framleis adressa 30. juni som avgjer kva for kommune du har røysterett i. Vallister i Gulen kommuneValstyret handsama den 31. mai 2011 vallistene for kommunestyrevalet 2011, og godkjente vallistene for 6 parti. Dei godkjende listene ser du nedanfor Nyttige lenker |


