Framsida > Article

Ønskjer du varsling om driftsproblem på kommunen si vassforsyning per SMS eller e-post?

Det kan av og til oppstå driftsforstyrringar i samband med vassforsyninga til våre abonnentar. Dette kan vere alt frå planlagt vedlikehald som medfører redusert trykk / bortfall av vatn i korte periodar, til større leidningsbrot og forureiningar inn på leidningsnettet. Normalt vert planlagt vedlikehald som påverkar større grupper abonnentar varsla gjennom posten eller kunngjort i lokalavisene, samt på vår heimeside.

Når det gjeld andre typar driftsproblem, er desse som regel uråd å varsle på førehand, og det er då viktig at vi får sendt ut informasjon til abonnentane det gjeld så raskt som mogeleg etter at problema er oppdaga. Dette gjeld t.d. ved kokevarsel eller leidningsbrot.

Då dei aller fleste husstandar disponerar enten mobiltelefon eller e-post, vil dette vere ein effektiv måte å sende ut nødvending informasjon direkte til dei det angår. Vi ber dykk difor om å registrere nødvendige kontaktopplysningar. Bruk gjerne tilbakemeldingsskjema nedanfor...

Dette for å vere sikre på at vi har korrekt kontaktinformasjon.

Viktig:

  • Vi treng ditt kundenummer. Dette kan de finne på fakturaen for kommunale gebyr/eigedomsskatt, og er eit 5-sifra nummer som startar med talet «3» (døme: 30261).
  • Vidare må du registrere kva vassforsyning det gjeld (Eivindvik eller Hovden-Eidsbotn-Sløvåg).
  • Til slutt må du velje kva varsling du ønskjer; SMS og/eller e-post. Du kan velje begge deler, men hugs å kontrollere at du har oppgitt korrekt mobilnummer og e-postadresse!
    Merk at du kan registrere fleire på same kundenummer etterpå, slik at t.d. andre i husstanden óg får tilsendt varsling.

Dersom de ikkje har tilgang til e-post eller internett, kan de ringe inn opplysningane direkte til tlf. 57 78 20 43.
 

 
Web levert av CustomPublish AS