HeimNyheiterAttraktive bygdesenter skaper møteplasser

Attraktive bygdesenter skaper møteplasser

Kommunen set no i gang eit spennande prosjekt for å utvikle bygdesentra Brekke, Byrknes, Dalsøyra og Eivindvik. Lag, organisasjoner, næring og innbyggarane vert oppmoda om jobbe fram eit prosjekt for å utvikle møteplassar i sentrum. Byrknes har komme langt i planlegginga med sitt prosjekt «Karl Gåtas plass», dette prosjektet kjem opp til godkjenning i kommunestyret 12.04.2024.
Prosjekta i dei andre bygdene kjem tilbake for politisk godkjenning etter kvart som dei er ferdig planlagde.

Prosjektet skal bidra til å nå målsetnaden i samfunnsplanen om attraktive bygdesenter med moglegheit for fysisk og sosial aktivitet i alle aldersgrupper. Førande for prosjekta er at det skal utviklast møteplass og vere tilpassa ulike brukargrupper. Døme kan vere leikeareal, utvikling av kaiområde, anlegg for utøving av fysisk aktivitet og sittegrupper. Her er det opp til bygdene å komme opp med gode, kreative prosjekt. Kriteriet er at det må ligge i sentrum av bygdesenter der folk naturleg ferdast, med nærleik til butikk, omsorgssenter, skule, barnehage og nærmiljøanlegg.

Kommunestyret har løyvd samla kr. 1 mill. til utviklingsprosjekta.

Eit av dei lokale laga må ta på seg rolla som lokal prosjekteigar. Kommunen sin representant frivillegkoordinator Johanne Halland Fridtun vil bidra inn i planleggingsarbeidet. Johanne vil innan kort tid kalle bygdene inn til oppstartsmøte.


Sist oppdatert: 20.03.2024
Publisert: 20.03.2024