Arbeidsoppgåver
Arbeidsområdet er primært å kontrollere skjenkestader. Arbeidstida vil vere på helg- og nattestid. Kontrollen skal særleg omfatte sals- og skjenketider, aldersgrensereglar og at det ikkje blir selt eller skjenka til synleg rusa personar. Du vil inngå i eit team beståande av tre kontrollørar der ein alltid går to saman på kontroll. 

Kontroll av salsstader for alkohol kan og bli aktuelt, dette vil foregå innafor butikkane si opningstid. Fokuset er på førebyggande arbeid, rutinar og dialog med sals- og skjenkestaden.

Alkoholkontrollørane arbeider etter oppsette turnusplanar i samarbeidskommunane Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Masfjorden, Gulen og Fedje. Ein del køyring må påreknast.

Kompetanse
Relevant erfaring og interesse for arbeidet blir vektlagt. Naudsynt opplæring vil bli gitt. Det er eit krav om bestått kunnskapsprøve for alkoholkontrollørar for å kunne utføre kontrollar. Ein kan ta prøva i forbindelse med tilsetting.

Personlege eigenskapar:
* Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og oppnår god dialog med dei tilsette på sals- og skjenkestaden.
* Du er ein relasjonsbyggar og trivst med ulike typar menneske.
* Du arbeidar godt i team.

Ønsket kompetanse:
* Bestått kunnskapsprøve for alkoholkontrollørar, men dette er ikkje eit krav for å søkje.
* Kjennskap til utelivsbransjen.
* Førarkort klasse B og disponerer eigen bil


Vi tilbyr
Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk. Reiseutgifter blir dekka etter kommunen sitt reiseregulativ.
Godt arbeidsmiljø.
Engasjerte og dyktige medarbeidarar.

Søknad sendest
Send søknad via vårt elektroniske søknadssystem. 
Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt personalavdelinga.

Søknadsfrist: 02.04.2017

Kontaktperson
Pia Syversen, rådgjevar, tlf 56375183 mobil: 41143669, pia.syversen@lindas.kommune.no