Invitasjon til kurset Fosterbarn og skule – korleis byggje opp eit godt samarbeid?
Mange fosterbarn - og andre - slit med skulekvardagen sin. Det er viktig for fosterbarn at dei får oppleve ei meistring, og får hjelp til både den faglege og den sosiale utviklinga i høve til jamaldergruppa. Når det er mange vaksne aktørar rundt eit fosterbarn, slit dei ofte med å bli "eit lag" som samarbeider, sjølv om dei har barnets beste som eit felles mål.
Målgruppe: Fosterforeldre, barneverntilsette og våre samarbeidspartar i skulesektoren.
For meir info om kurset klikk her.
Kurset er gratis. Deltakarar frå skulesektor dekker reise og opphald evt. reise og dagpakke for dei som ikkje skal overnatte.
Ved spørsmål - ta kontakt på telefon 466 19 000.



