Barn og familievern

Her finn du informasjon om Barne- og familieverntenesta og sosialtenesta.
(Her finn du både kommunale, fylkeskommunale og statlege teneste.)

Barnevern

Barnevernet si hovedoppgave er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid, samt å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Foreldre kan ha behov for hjelp med barn og barneoppdragelse i kortare eller lengre periodar, for eksempel på grunn av ein vanskeleg livssituasjon. Barnevernet kan her komme inn for å støtte barn og familiar slik at barn og unge sikrast omsorg, tryggleik, gode levekår og utviklingsmulegheiter.

For meir informasjon klikk her...
 

KLAFF

Uroar du deg for eit barn/ein ungdom?

KLAFF er ei tverrfagleg gruppe av personar frå helsestasjon, barnevern og PPT (pedagogisk psykologisk teneste) som jobbar med barn og unge i Gulen kommune.

Les meir...
 

Familievern

Familievernet hjelper alle som treng å prate om vanskelege forhold i familien. Tilbodet er gratis, og du kan sjøl ta direkte kontakt med ditt næraste familievernkontor:

    Familievernkontoret i Førde
    Telefon: 46 61 92 80

For meir informasjon klikk her...
 

Alarmsentralen for barn og unge

Barne- og likeestillingsdepartementet har i samarbeid med Justisdepartementet tatt initiativet til ein gratis alarmtelefon for barn og unge som er utsette for ulike former for vald, overgrep eller omsorgssvikt.

Vaksne eller venner som er urua for barn, kan også ta kontakt.

Alarmtelefonen 116 111
(Naudtelefonen er gratis!)

Open mellom kl. 15.00-08.00 på kvardagar og heile døgnet i helgane.

Du kan også kontaktes e-post alarm@116111.no
Sjå også Alarmsentralen si nettside www.116111.no

Overgrep

Stortinget bestemte 17. mars 2005 at det skulle opprettast ein landsdekkende hjelpetelefon for incest- og seksuelt misbrukte barn og voksne av begge kjønn og pårørande og annan familie til seksuelt misbrukte.

Den 13.desember 2005 bestemte Barne- og familie departementet at Incestsenteret i Vestfold skal drive og betjene landsdekkande telefon. Landsdekkande telefon vart offisielt opna den 30.08.06, av Barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem.

Telefon (grønt nummer) 800 57 000

Meir informasjon finn du på heimesida Landsdekkende telefon for Incest- og seksuelt misbrukte www.incest80057000.no
 

Fosterheim

Ein fosterheim er ein privat heim som tek vare på eit barn som for ein periode ikkje kan bu hos foreldra sine. Felles for fosterbarna er at foreldra si omsorg for ein kortare eller lengre periode ikkje strekk til i forhold til barna sine behov.

Ynskjer du/de å bli støttekontakt, besøks- eller fosterheim?

Her finn du meir informasjon...
 

Besøksheim

Ein besøksheim er ein helt vanleg heim. Ei ordning med besøksheim innebærer at eit barn får ein ekstra familie som han eller ho kan besøke ei helg eller to i månaden, eventuelt også enkelte kvardagar og feriar. Meininga er å tilby barn fra familiar i en vanskeleg situasjon ei avveksling, fleire positive opplevingar eller litt ekstra omsorg.

Ynskjer du/de å bli støttekontakt, besøks- eller fosterheim?

Her finn du meir informasjon...
 

Web levert av CustomPublish AS