Barnehage
I Gulen kommune er det 4 kommunale barnehagar og 2 private, som alle har tilbod til barn mellom 1 og 6 år.Her finn du informasjon om kvar enkelt barnehage, om søknadsprosedyre med meir.
- Kommunale barnehagar
- Private barnehagar
- Personleg barnehageside
- Søknad om barnehageplass
- Skule- og barnehagerute 2012-2013
- Skule- og barnehagerute 2011-2012
- Vedtekter for kommunale barnehagar
Kommunale barnehagar
Obs! Minner om at søknadsfrist for barnehageplass er 1. april. Elektronisk søknadsskjema finn du her.
Brekke barnehage og skule
Barnehagen har heildagstilbod, og er samlokalisert med skulen med rektor som styrar.
Sjå også her…
Byrknes barnehage og skule
Barnehagen har heildagstilbod, og er samlokalisert med skulen med rektor som styrar.
Sjå også her…
Dalsøyra barnehage
Barnehagen har 2 heildagsavdelingar. Den eine ligg nær skulen på Dalsøyra, den andre er på Eidsbotn.
Eivindvik barnehage
Barnehagen har 1 heildagsavdeling i Eivindvik, og ein avdeling som er open 4 dagar pr. veke på Haveland.
| Barnehage | Styrar/rektor | Telefon | Opningstider |
| Brekke barnehage og skule | Bodil B. Takle | 57 78 55 08 | 07.30 - 16.30 |
| Byrknes barnehage og skule | Helge Pedersen | 57 78 23 90 | 07.30 - 16.00 |
| Dalsøyra barnehage | Marie Hendrix | 57 78 32 70 | 07.30 - 16.30 |
| - avd Eidsbotn | 57 78 38 23 | 07.30 - 16.30 | |
| Eivindvik barnehage | Ann-Norunn Leknes | 57 78 41 87 | 07.30 - 16.30 |
| - avd Haveland | 57 78 58 36 | 07.30 - 16.00 (ikkje onsdag) |
Private barnehagar
Lovisendal barnehage
Barnehagen er ein heildagsbarnehage i Brekke, lokalisert nær kaien.
Sande barnehage
Barnehagen er ein heildagbarnehage, og har lokala sine på Sandøyna (Byrknes skulekrins)
| Barnehage | Styrar/rektor | Telefon | Opningstider |
| Lovisendal barnehage | Britt Sølvi E. Dyrøy | 57 78 55 41 | 07.30 - 16.30 |
| Sande barnehage | Arnhild Randal | 57 78 29 29 | 07.30 - 16.00 |
Personleg barnehageside
På di personlege side kan du
- Søkje om barnehage- eller SFO-plass
- Endre eller seie opp barnehage- eller SFO-plass
- Endre personlege opplysningar (f. eks. postadresse, telefonnummer, e-post-adresse)
- Få opplysningar om dei enkelte barnehagene eller SFO
Har du barn i barnehage eller SFO og er enno ikkje registrert?
Klikk her for å søkje om brukarnamn og passord…
Søknad om barnehageplass
Gulen kommune har innført elektronisk søknadsskjema. Alle søknadar om ny eller utvida plass, må no sendast inn via internett. Klikk her...
Bruk same adresse for å logge deg inn på di eiga barnehageside.
Vi har eitt hovudopptak til ledige plassar frå august. Søknadsfrist er 1. april.
Elles kan de søke heile året, og vi tek opp barn etter kvart dersom det er ledige plassar. Barnet beheld plassen fram til og med 13. august det året barnet vert skulepliktig.
Dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt med barnehagestyrar, eller rådgjevar oppvekst, tlf. 57 78 20 05
Sjå også:
Betalingssatsar
Skule- og barnehagerute 2012-2013
Hovudutval for oppvekst har fastsett ferie- og fridager for skulen, og planleggjingsdagar for barnehagane for skule-år 2012/2013. Desse dagane er barnehagen stengd!
Vedtaket er som følgjer:
Les meir...
Skule- og barnehagerute 2011-2012
Hovudutval for oppvekst har fastsett ferie- og fridager for skulen, og planleggjingsdagar for barnehagane for skule-år 2011/2012. Desse dagane er barnehagen stengd!
Vedtaket er som følgjer:
Les meir...


