Næringsfondet
- Søknaden - Kva bør med?
- Nyttige tenester for deg som driv/har planar om å starte opp bedrift
- Nyttige nettsider
- Til nyetablerarar - vanleg feil i etableringsprosessen
Etablering av ny verksemd og utvikling av næringslivet
Støtte frå næringsfondet kan løyvast til tiltak som inneber "eit løft" for bedrifta og utgjer ei vesentleg satsing frå bedrifta si side. Støtte frå næringsfondet skal verke utløysande på tiltaket. Småinvesteringar og dei vanlege driftskostnadene fell utafor ordninga. Reine utskiftingar vert ikkje støtta. Tilskot skal ikkje føre til konkurransevriding i nærmarknaden.
Fysiske investeringar:
Bedrifter med ein årleg omsetnad inntil kr 3 mill. kan få støtte til fysiske investeringar, dvs. bygningar, maskiner og utstyr. Tiltak med kapitalbehov inntil kr 500 000,- kan vurderast. Tilskotet kan utgjere maksimalt 25% av kostnadene, inntil kr 50 000.
Utviklingstiltak:
Fondet kan støtte utviklingstiltak med normalt inntil 50% av kostnadene. Med utviklingstiltak er meint t.d. forprosjektering/planlegging (gjerne i samband med førebuing av søknad til Innovasjon Norge), marknadsundersøking, opplæring/kompetanseheving og produktutvikling. Tiltak med kapitalbehov inntil kr 100 000,- kan vurderast. Nyetableringar og kvinneretta tiltak, dvs. tiltak som har som mål å skape betre arbeidstilbod eller arbeidstilhøve for kvinner, skal prioriterast.
Særskilde reglar:
- Kostnader som er påløpt før søknaden er sendt vil normalt ikkje verte finansiert av næringsfondet.
- IT-programvare vert rekna som fysiske investeringar. Støtte til mobile driftsmiddel skal normalt unngåast.
- Det er ikkje høve til samfinansiering mellom næringsfondet og andre distriktspolitiske verkemidlar når det gjeld private prosjekt.
- Tilskot vert normalt utbetalt etter at tiltaket er gjennomført. Tilskotsmottakar må sjølv syte for mellomfinansiering.
- Tradisjonell utbygging innafor landbruket kan ikkje støttast. Lokalmarknadsbaserte tiltak innafor bransjer med overkapasitet vil normalt ikkje verte støtta. Elles er det få avgrensingar på kva slag næringsverksemder som kan få støtte.
- Ingen har krav på støtte. Ei heilskapsvurdering av prosjektet, målt mot retningslinene for fondet og utviklingsplanar som gjeld for kommunen, vil vere utslagsgjevande for kva for prosjekt som vert støtta. Det 4-årige handlingsprogrammet i kommuneplanen sin samfunnsdel ligg til grunn for den kommunale satsinga innafor næringsutvikling.
NB! Dette oversynet dekkjer ikkje alt. Kontakt oss for nærare utdjuping av ting som gjeld verksemda di.
Har du prosjekt med kapitalbehov over grensene for næringsfondet?
Prosjekt med kapitalbehov over desse grensene skal behandlast av Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane fylke (www.invanor.no).
Treng du hjelp med søknaden eller ynskjer å drøfte planar?
Ta til dømes kontakt med vårt interkommunale næringsselskap Gulen og Masfjorden Utvikling AS v/Torill Torsvik Størkersen (www.gmu.no).
Søknaden - Kva bør med?
Godt gjennomarbeidde søknader oppnår det raskaste og beste resultatet.
Søknader frå private til næringsfondet er unnateke frå ålmenta etter offentlegheitslova § 13, og vert behandla konfidensielt.
Søknader til næringsfondet bør minst omfatte desse momenta:
- Søkjarbedrift: Namn, adresse, org.nr., tlf.nr., e-postadresse, banksamband, rekneskapsførar
- Dagleg leiar: Namn, adresse, tlf.nr., alder, utdanning, arbeidsbakgrunn
- Innhald i prosjektet det vert søkt om støtte til: Bakgrunn, idè, mål og planar, kva skal gjerast og korleis?, opplæringstrong, sterke og svake sider ved prosjektet osb.
- Framdriftsplan
- Forventa resultat av på kort og lang sikt, m.a. sysselsettingseffekt
- Budsjett for prosjektet: Kostnader bør delast opp i Fysiske investeringar og Utviklingstiltak
- Finansieringsplan for prosjektet: Banklån, kontant eigenkapital, eige arbeid, eigen material, tilskot frå næringsfondet, anna finansiering
Krav til vedlegg for nyetableringar:
Svar på desse spørsmåla:
- Er verksemda registrert i foretaksregisteret, hjå fylkesskattesjefen og/eller andre stader?
- Kva oppstarts- og driftsutgifter reknar du med det første halve året, og korleis reknar du med innbetalingane vert? Sett opp oversyn over forventa utbetalingar og innbetalingar for dei 12 første månadene (likviditetsbudsjett), med plan for finansiering av eit eventuelt gap mellom ut- og innbetalingar. Hugs at inntektene ofte kjem seinare enn du trur, medan utgiftene ofte kjem før.
Krav til vedlegg for verksemder som er i drift:
- Driftsbudsjett for verksemda
- Årsrekneskap m/noter, styre- og revisorberetning (AS) eller næringsoppgåve for dei to siste åra
- Siste perioderekneskap
- Eventuell selskapsavtale (ved fleire eigarar) og aksjonæroversyn (AS).
- Utgreiing om historie, produkt, den økonomiske utviklinga, marknads- og konkurransetilhøva, planar framover, bransjetilhøva, marknadsføring og produktsal, teknologinivå, spesialkompetanse, kapasitetsutnyttingsgrad osb.
NB! Hugs stad, dato og underskrift!
Momentlista er viktig…
- ...som sjekkliste for søkjaren om ting ein bør ha svar på før ein startar opp eit prosjekt.
- ...for å gje saksbehandlaren og det politiske utvalet eit godt grunnlag for å ta avgjerd i saka.
Nyttige tenester for deg som driv/har planar om å starte opp bedrift
- Gulen og Masfjorden Utvikling AS (GMU)
Kommunane Gulen og Masfjorden sitt tiltaksapparat, som mellom anna kan hjelpe med å gå gjennom forretningsplan og setje opp ein søknad til næringsfondet. Tlf.: 480 33 312. Adr.: Gulafjordvegen 75, 5960 Dalsøyra. E-post: post@gmu.no, nettside: www.gmu.no
- Regionrådet Nordhordland IKS
Samarbeid mellom ni kommunar i regionen Nordhordland/Gulen. Driv mellom anna med etableraropplæring og –oppfølging. Tlf.: 56 37 58 88. Adr.: Kvassnesvegen 23, 5902 Isdalstø. E-post: kari@nordhordland.net, nettside: www.nordhordland.net
- Stiftinga Jensbua
Reiselivs- og kulturminneorganisasjonen for HAFS-kommunane, der Gulen er med. Bør absolutt kontaktast når det gjeld reiselivstiltak. Tlf.: 57 73 90 20. Adr.: 6961 Dale i Sunnfjord. E-post: stiftinga@jensbua.no, nettside: www.jensbua.no
- Mentor A/S (tidl. Sogn og Fjordane Næringsrådgjeving)
Generell bedriftsrådgjeving. Kan gje noko gratis hjelp til utgreiing av eit prosjekt. Tlf.: 57 72 38 20. Adr.: Firdavn. 6, Postboks 200, 6801 Førde. E-post: post@mentor.sf.no, nettside: www.mentor.sf.no
- VINN
Kompetanse innafor informasjonsforvaltning, internasjonalt samarbeid og etablerarverksemd. E-post: firmapost@vinn.no, nettside: www.vinn.no. Driv m.a.
- Narviktelefonane (80 03 38 40)
for dei som treng informasjon om å starte ny verksemd, t.d. formelle krav, offentleg finansiering, lover og reglar, etableraropplæring, selskapsformer, EU/EØS, offentlege innkjøp, internasjonal finansiering, teknologi, kopling mot forskningsmiljø.
Nyttige nettsider
- www.gulen.kommune.no - Informasjon om næringsliv, velferdstilbod og kulturliv i Gulen
- www.bedin.no - Inngangsporten til offentleg bedriftsinformasjon og EU-/EØS-reglar i Noreg
- www.vitalt.no - God internettportal med viktige nettenester for både etablerarar og etablerte
- www.invanor.no - Innovasjon Norge (tidl. SND) har utviklingsprogram og tilskotsordningar for næringslivet
Til nyetablerarar - vanleg feil i etableringsprosessen
- For lite planlegging og undersøking før etableringa skjer. Det er billigare å prøve og feile "på papiret" enn å gjere feilinvesteringar og feilvurderingar av marknadstilhøve og økonomi i praksis. Det syner seg veldig ofte at inntektsgrunnlaget i ein startfase er overvurdert, medan det dukkar opp kostnader som etableraren ikkje har rekna med.
- For lite kapital i oppstartingsfasen. Utgiftene kjem alltid før inntektene, og ein må ha finansiering i mellomtida. Har ein ikkje driftskapital, må ein få driftskreditt i bank. Har du råd til å drive med underskot i fleire år framover?
- Ting Tek Tid. Det løner seg alltid å tenkje langt framover, slik at ein sender søknader i god tid, ordnar med naudsynt finansiering på førehand, og har kontroll på kva som vil skje framover.
- Bruk banken, rekneskapskontor, næringsapparat i kommunen og fylket som rådgjevingskontor, også etter at du har fått pengar. Ta kontakt med andre sjølvstendige næringsdrivande, meld deg inn i nettverk, på kurs o.l. Etableraren kjenner seg ofte einsam.



