Besøksheim
Kven kan bli besøksheim?
- Trygge vaksne som synes det er artig å vere saman med barn og ungdom
- Engasjerte vaksne som synes det er gjevande å samarbeide med andre instansar om "barns ve og vel"
- Varme vaksne i en stabil livssituasjon
- Folk med tid, krefter og god helse
- Det krevast god vandel
Det er ikkje krav til utdanning. Ein kan vere ensleg, par, med eller utan eigne barn. Vi bruker tid saman for å finne ut kva barn som passer best for den bestemte besøksheimen.
Kvifor treng barn ein besøksheim?
- For å få opplevingar
- For å få fleire meistringssituasjonar
- For å få fleire gode vaksenmodellar eller
- For å gi foreldra avlastning
Kven avgjer?
Besøksheim er eit førebyggande tiltak for barn og foreldre. Besøksheimen skal godkjennast av kommunen. Det er barnevernet saman med foreldra til barnet, som avgjer kven som skal bli besøksheim for deira barn.
Ynskjer du/de å bli støttekontakt, besøksheim eller fosterheim?
Sosial- og barneverntenesta manglar ofte viktige støttespelarar til både born og vaksne. Desse oppdraga kan vare frå nokre timar til fleire dagar i månaden. Det krevast ingen spesielle kvalifikasjonar av formell karakter, men du/de må ha overskot og interesse for medmenneskje. Løn etter avtale.
Dersom du ynskjer å vite meir, ta kontakt med
| Navn | Telefon | Mobil | |
| Einingsleiar | Jane Hesjedal | 57 78 20 61 | 99 79 21 09 |
| Barnevernkonsulent | Ann Helen Engesæter | 57 78 20 60 | 94 81 96 97 |


