Bibliotek

Gulen folkebibliotek

Hovudbibliotek i EivindvikGulen kommune har desentralisert bibliotekteneste med avdelingar i alle skulekrinsar. Utlån av bøker, lydbøker, videofilm og tidsskrift. Biblioteka er stengt i skuleferiane.

Opningstider

Bibliotek Opningstider
Hovudbiblioteket i Eivindvik måndag kl. 12.00 - 15.00
  torsdag kl. 15.00 - 19.00
Brekke filial torsdag kl. 17.00 - 20.00
Byrknes filial torsdag kl. 15.00 - 20.00
Dalsøyra filial tysdag kl. 17.00 - 20.00

Opningstider i haust- og vinterferiar

Bibliotek Opningstider
Hovudbiblioteket i Eivindvik torsdag kl. 16.00 - 20.00
Byrknes filial torsdag kl. 15.00 - 18.00
Brekke og Dalsøyra filialar som vanleg

DVD-ar på biblioteket

Innkjøpet av videoar i Gulen folkebibliotek har lege på is etter at samarbeidet med BYSS (biblioteka i ytre Sogn og Sunnfjord) vart oppløyst for eit par år sidan.

Sidan biblioteksjefen no har fått meir arbeidstid i 2009, skal innkjøpet av DVD-ar takast opp att.
Mange har kanskje liggande DVD-ar som de har sett dykk leie på?
Då kunne det vere ein god idé å gje desse til biblioteket, slik at vi kom fortare i gang med å  skaffe publikum eit variert tilbod.

Vi tar imot med TAKK!

Ta kontakt

Gulen Folkebibliotek
5966 Eivindvik

Tlf. 57 78 42 00

Web levert av CustomPublish AS