Bu- og omsorgssenter

Gulen kommune har 4 bu - og omsorgssenter.
Ynskjer du å søke om ein omsorgsbustad kan du henvende deg til kommunen og be om eit søknadsskjema.

I dag er det fleire søkjarar enn bustader. Når du har søkt får du eit førebels svar om at søknaden er registrert. Så fort ein omsorgsbustad er ledig blir søknadane behandla og det blir gjort ei prioritert tildeling. Får du vedtak på ein omsorgsbustad gjelder det kun bustaden. Har du behov for andre tenester frå pleie - og omsorg må du søke om det for seg.

Etter at du har takka ja til tilbodet får du tilsendt ein husleigekontrakt. Einingsleiaren og leietakar går gjennom kontrakten og signerer den. Einingsleiar leverer nøklane til bustaden. Det er ikkje tillat å kopiere nøklar utan å ha snakka med einingsleiaren. Sekretær omsorg sender ut faktura. Det er mulig å søke om bustøtte. Då må du henvende deg til sosialkontoret.

Formål med ein omsorgsbustad er
:
Å gje dei som har behov for det ein god bustad som er tilrettelagt for pleie- og omsorg utanfor institusjon.

Føresetnad:
Søknad med underskrift.
Søkjar må sjølv ynskje å flytte til ein omsorgsbustad.
 

Kriteria:
Søkjar med funksjonssvikt kan tildelast omsorgsbustad når dette kan førebygge ytterligare funksjonssvikt.

Ein må vurdere om søkjaren framleis kan bu i eigen bustad, når ein legg til rette og skaffar naudsynte hjelpemiddel.
Blant søkjarar som fyller kriteria, vil omsyn til rasjonell tenesteyting bli lagt vekt på.

Kostnad:
Husleige, eventuelt med bustøtte.

Vedtak:
Tenesta er ikkje lovpålagt. Søkjar må underskrive ein husleigekontrakt.
 

Har du spørsmål ta kontakt med kommunen Tlf. 57 78 20 00.

Søknadsskjema PDF document ODT document

Betalingssatsar

Web levert av CustomPublish AS