Bustadtilskot

Bustadtilskotet skal bidra til å skaffe og sikre egna bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Her finn du ei utfyllande rettleiing.

Etablering i eigen bustad
Bustadtilskot til etablering i eigen bustad er strengt behovsprøvd i forhold til økonomisk situasjon. Berre dei aller mest vanskelegstilte kan rekne med å få bustadtilskot.

Kor mykje tilskot som blir gitt, er avhengig av bustadbehov, husstandens økonomi og moglegheiter for andre offentlege stønadsordningar, som til dømes bustønad.

For å søkje bustadtilskot til etablering bruker du søknadsskjema HB 8.S.1. Søknaden sendast til kommunen. Kommunen kan også hjelpe deg med utfylling av søknaden.

Utbetring/tilpassing av bustad
Å utbedre en bustad inneber å gje bygningen ein høgare standard enn tidlegare, til dømes etterisolering eller andre former for enøk-tiltak.

Å tilpasse ein bustad inneber å gjere den betre egna til å ivareta spesielle behov, til dømes funksjonshemming.
Vi tilrår at du kontaktar kommunen eller Husbankens regionkontor for nærare rettleiing.

Refinansiering
Dersom du på grunn av betalingsproblem har vanskar med å behalde bustaden, kan kommunen gi deg økonomisk rettleiing. Ei løysning kan vere å søkje om startlån og/eller bustadtilskot til refinansiering av bustadgjeld og eventuelt anna gjeld. Dette er særlig aktuelt der bustaden er godt tilpassa eit spesielt behov og kor kommunen ut frå ei heilheitsvurdering meiner at den beste løysinga er at du/de får fortsetje å bu i bustaden.
Det føreset at refinansieringa, eventuelt saman med andre tiltak, bidrar til ei varig løysning av dei økonomiske problema i forhold til bustad.

Bustadtilskot til refinansiering er behovsprøvd i forhold til økonomisk situasjon. Berre dei aller mest vanskelegstilte kan rekne med å få bustadtilskot.

For å søke bustadtilskot til refinansiering bruker du søknadsskjema HB 8.S.1. Søknaden skal sendast til kommunen.

Krav om tilbakebetaling
Bevilga bustadtilskot på over kr 40.000,- kan verte kravd heilt eller delvis tilbakebetalt dersom bustaden disponerast i strid med føresetnadane som låg til grunn ved utbetaling av tilskotet.

Web levert av CustomPublish AS