Bustønad

Bustønad er ei statleg økonomisk støtteordning som vert administrert av Husbanken og kommunen. Bustønad kan du søke om dersom husstanden din har låge inntekter og høge buutgifter.

Ny og betre bustønad

Bustønaden vert styrka med 303 millioner kroner i 2009 og med ein milliard kroner frå 2010 etter framlegget i revidert nasjonalbudsjett. På sikt vil om lag 50 000 nye husstandar kunne få bustønad. Første utbetaling etter dei nye reglane blir 10. august.

Dei viktigaste endringane

  • Alle personar over 18 år som er folkeregistrerte i Noreg, skal kunne få bustønad. Bustønad skal ikkje kunne gjevast til studentar utan barn og militære/sivilt tenestepliktige.
     
  • Finansieringskravet skal fjernast for alle bustader. Det vil seie at det ikkje er krav til at bustaden har finansiering frå Husbanken eller Innovasjon Norge.
     
  • Ved utrekninga av bustønad skal 250 000 kroner vere fribeløp for formue som blir halde utanfor. For dei som eig bustaden dei søkjer bustønad for, blir likningsverdi opp til kr 500 000 halden utanfor.

Utvidinga av bustønaden kjem som ein følgje av at krava til søkjarane og bustaden blir sterkt forenkla, samstundes som inntektsgrensene for barnefamiliar blir auka. Alle kan no få bustønad. Unntaket er studenter og militære, som har eigne ordningar for dekking av buutgiftene.

Utvidelsen av bustønaden er eit sentralt tiltak i regjeringa si kamp mot fattigdom. Dei årlege kostnadene er vel ein milliard kroner, slik at bustønaden totalt blir på rundt 3,6 milliardar kroner.
 

Overgangsordning

Det blir etablert ei overgangsordning slik at ingen skal tape på omlegginga. Overgangsordninga inneber at dei som får bustønad i dag, ikkje vil få lågare utbetalingar første året etter omlegginga. Etter det trappes overgangsordningen jevnt ned over fem år. I tillegg er det overgangsordningar for unge uføre og for dei som ikkje var omfatta av krav til bustaden før omlegginga.  Desse overgangsordningane er ikkje tidsavgrensa.
 

Første utbetaling 10. august

Dato for iverksetjinga er 1. juli. Dette fell saman med tidspunktet for overgang til bruk av nytt inntektsgrunnlag i bustønaden: Dei fleste som søkjer bustønad, vil frå og med juli 2009 få lagt til grunn likning for 2008 i utrekninga.

Første søknadsfrist etter dei nye reglane er 14. juli. Deretter er søknadsfristen den 14. i kvar månad. Søkarar som allereie får bustønad trenger ikke gjere noe. Første utbetaling etter dei nye reglare kommer rundt 10. august.
 

Meir om bustønad

Nytt i regelverket for 2008
(OBS: Det er ingen endringer i bostøtten fra 1. januar 2009, regelverket for 2008 videreføres. En større omlegging av bostøtten planlegges i løpet av 2009, dette vil vi komme tilbake til på vårparten 2009)

  • Månadlege vedtak og utbetalingar: Frå og med september 2007 vart det innført månadlege vedtak i bustønaden. Det er då mogleg å søkje bustønad månadleg, og utbetaling vil skje månaden etter. Søknadsfristen er den 14. i kvar måned.
     
  • Kvalifiseringsstønad: Mottakarar av den nye kvalifiseringsstønaden kjem inn under gruppa som er berettiga bustønad.
     
  • Krav til finansiering av bustaden: Det er ikkje lenger krav til finansiering av privat leigde bustadar for husstandar som mottek attførings- eller rehabiliteringspenger, yrkesskadeerstatning, grunn- eller hjelpestønad, tidsbegrena uførestønad, eller husstandar som har sosialhjelp eller kvalifiseringsstønad som eineste inntekt.
     
  • Investeringstilskot: Omsorgsbustadar med det nye investeringstilskotet frå Husbanken kjem inn i bostøtteordningen.
     

Elektronisk søknad om bustønad 
Det er no mogleg å søkje bustønad elektronisk via internett. Dette gjer ein ved å gå inn på internettadressa: http://www.altinn.no/. Altinn er ein nettstad der alle borgarar skal få kunne finne, fylle ut og levere skjemaer til offantlege etatar.

Bustøndadsbrosjyre
Klikk på lenka under for bustønadsbrosjyra. Brosjyra kan du også få ved kommunens bustønadskontor.

Brosjyre nynorsk

Søknadsfristar for bustønad

Her finn du terminane for bustønad med søknadsfristar og situasjonsdatoar

Søknadsskjema

Web levert av CustomPublish AS