I kommunestyremøte den 19.10.2017 vart det gjort slikt vedtak om kommunale vigsler:

  1. Gulen kommunestyre vedtek at følgande lokaler vert godkjent for borgarlege vigslar:
    - Rådsalen (formannskapsalen)
    - Kommunestyresalen i gamle kommunehuset

    Vigslar skal normalt skje innanfor ordinær kontortid.
     
  2. Vigslaren får mynde til å avtale alternative stadar og tider for gjennomføring av vigslar.
     
  3. Kommunen sitt alminnelege vigselstilbod skal vere gratis for kommunen sine innbyggarar og for personar som ikkje er busett i Norge. Dersom vigsla skjer på alternative stadar / tider kan kommunen i så tilfelle kreve å få dekka meirkostnader ved dette.

Bakgrunnen for saka er at Stortinget har vedteke lovendringar i ekteskapslova som ein del av oppgåveoverføringa til kommunane, jf. lov om endringar i ekteskapslova. Lovendringa betyr at vigselsmynde vert overført frå notarius publicus til ordførar, varaordførar og kommunalt tilsette eller folkevalde som kommunestyret sjølv gjev slik mynde. Ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar vert med det overført frå tingrettane og Oslo byfogdembete til kommunane. Lovendringa tok til å gjelde frå 1. januar 2018. Reglane om ekteskapsinngåing går fram av ekteskapslova kapittel 3.