Eigedomsskatteliste utlagt til offentleg ettersyn

Kommunestyret har med heimel i eigedomsskattelova §§ 3 og 4 vedteke å utvida eigedomsskatten til å gjelda heile kommunen frå 1. januar 2009.

I samsvar med eigedomsskattelova § 15, og § 6-2 i Gulen kommune sine vedtekter for eigedomsskatt, vert skattelista for eigedomsskatt 2009 i Gulen lagt ut til offentleg ettersyn på eigedomsskattekontoret i 4 - fire - veker frå onsdag 13.05.2009. Ein kan også sjå listene ved å klikke på lenkene under.
Den andre delen av skattelista som gjeld ”verk og bruk” vert kunngjort utlagt når takstane for 2009 er avheimla, seinast 30.juni 2009.

Vedtak om takst er heimla i Eigedomsskattelova § 33 jf. Byskattelova §5.

Taksten er grunnlaget for utskriving av eigedomsskatt frå og med 2009, og gjeld i 10 år med mindre det vert vesentlege endringar i standard/verdi på eigedomen i løpet av perioden.
Kommunestyret har vedteke at den generelle skattesatsen for 2009 er 7,0 promille. For bustadeigedomar og ubygde tomter vert det gjeve reduksjon på 4,5 promille, slik at skattesats for slike eigedomar er 2,5 promille.

Jf. §§5-1,5-2 i dei ovannemnde vedtektene lyt skatteytar/eigar eller formannskapet krevja overtakst/klage innan 3 veker frå skattelista er lagt ut. Fristen for å begjære overtakst/klage byrjar først å løpe når den andre delen av eigedomsskattelista vert utlagt.
Klagen må innehalda ei nærare grunngjeving for kvifor du meiner at den fastsette taksten er feil. Klagen må underteiknast.

Klagen lyt sendast :
Gulen kommune
Eigedomsskattekontoret
5966 Eivindvik


Eigedomsskatteliste

Eigedomsskatteliste næringseigedommar

Tilleggslister:
Fritak etter §5a
Fritak etter §5c
Fritak etter §5d
Fritak etter §7a
Fritak etter §7b
Fritak etter §7c
Fritak etter §7c - delvis

Web levert av CustomPublish AS