Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 EIVINDVIK
Phone: 57 78 20 00
Etableringstilskot
Kommunestyret i Gulen ynskjer fleire unge busette i kommunen! Slike retningsliner skal gjelde for etableringstilskot i Gulen kommune frå 25.10.2012 (vedteke i K.sak 73/12, datert 25.10.2012):
- Det kan etter søknad gjevast etableringstilskot til bygging av nye bustader i Gulen kommune eller til kjøp og/eller restaurering av eldre bygningar.
- For å få tilskot må søkjaren vere under 45 år den dagen mellombels bruksløyve/ferdigattest ligg føre.
- Etableringstilskotet skal ikkje utgjere meir enn 10 % av byggekostnadane, og ikkje meir enn maksimalsatsen som kommunestyret har sett for budsjettåret. Ved endringar i tilskotssatsane er det utbetalingstidspunktet og ikkje tilsegnstidspunktet som er avgjerande for utmålinga av tilskotet.
- Det er eit krav for utbetaling av etableringstilskot at:
· søkjaren eig huset (grunnboksheimel e.l.), og at
· han har fast bopel i det (attest frå folkeregisteret).
Formannskapet kan i særskilte høve fråvike desse vilkåra.
- Ved sal og/eller utflytting av bustaden før 5 år, kan kommunen krevje å få attendebetalt tilskotet i høve til den tida som er gått etter innflytting.
- Rådmannen får delegert mynde til å gjere vedtak om tilskot. Klager skal avgjerast i
kommunen si klagenemnd.
- Godkjent etableringstilskot vert utbetalt når ferdigattest/mellombels bruksløyve ligg føre, ev. når restaureringskostnadene er dokumentert.
- Det vert teke generelt atterhald om endringar i reglementet.
- Det vert gitt ekstra tilskot etter sats fastsett av kommunestyret til bygging av ny utleigeeining,
eller istandsetjing av areal til utleigeeining, dersom arealet ikkje tidlegare har vore nytta til
dette føremålet.
Søknad sendast til Gulen kommune, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
eller på e-post til: postmottak@gulen.kommune.no
Søknad om utbetaling må innehalde dokumentasjon på kjøp/kjøpssum eller byggjeløyve/byggjekostnader i tillegg til dokumentasjon som under punkt 4. Tilskot til utleigeeining må dokumenterast med godkjenning etter plan- og bygningslova.



