Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 EIVINDVIK
Opningstider ekspedisjonen: kl. 09.00-15.00
Telefon: 57 78 20 00
Førehandsrøysting
Førehandsrøysting
Ordinær førehandsrøysting tek til 10. august og er mogeleg fram til og med 9. september.
Førehandsrøystinga finn stad ved ekspedisjonsavdelinga i Gulen kommune kvar arbeidsdag mellom kl 10.00 og 14.00.
I tillegg vert det førehandsrøysting FOR ALLE INTERESSERTE på bu- og omsorgssentra desse datoane:
| Stad | Dato | Tid |
| Gulen sjukeheim | fredag 2. september | kl 11.00 - 13.00 |
| Eivindvik bu- og omsorgssenter | laurdag 3. september | kl 10.00 - 13.00 |
| Byrknes bu- og omsorgssenter | laurdag 3. september | kl 10.00 - 13.00 |
| Dalsøyra bu- og omsorgssenter | laurdag 3. september | kl 10.00 - 13.00 |
| Brekke bu- og omsorgssenter | laurdag 3. september | kl 10.00 - 13.00 |
Alle røysteføre skal få tilsendt valkort. Kortet bør takast med når du skal røyste i tillegg til legitimasjon. Det er venta at valkorta vert sendt ut frå leverandøren frå og med veke 27.



