Fosterheim

Ein fosterheim er ein privat heim som tek vare på eit barn som for ein periode ikkje kan bu hos foreldra sine. Felles for fosterbarna er at foreldra si omsorg for ein kortare eller lengre periode ikkje strekk til i forhold til barna sine behov.

Ynskjer du/de å bli støttekontakt, besøksheim eller fosterheim?

Sosial- og barneverntenesta manglar ofte viktige støttespelarar til både born og vaksne. Desse oppdraga kan vare frå nokre timar til fleire dagar i månaden. Det krevast ingen spesielle kvalifikasjonar av formell karakter, men du/de må ha overskot og interesse for medmenneskje. Løn etter avtale.

Dersom du ynskjer å vite meir, ta kontakt med

  Navn Telefon Mobil
Einingsleiar Jane Hesjedal 57 78 20 61 99 79 21 09
Barnevernkonsulent Ann Helen Engesæter 57 78 20 60 94 81 96 97

Nasjonal forsterheimskampanje 2009

Fosterbarn er som alle andre barn - ulike.  Dei er enkeltindivid med sin eigen bakgrunn, personlegdom, ressursar og interesser.

Den nasjonale kampanjen for rekruttering av fosterheimar er no igang!

Fosterheimskampanje  .bmpUndervegs vil vi presentere fosterheimar og synleggjere ulike sider av fosterheimsarbeidet i lokale media i fylket.

Hovudtema for kampanjen er rekruttering av fosterfamiliar i barna sin familie og nettverk.

Er dette noko for deg?

Ta kontakt via telefon
46 61 90 00 tast 4
eller 46 61 91 22.
eller e-post:
fosterheimstenesta.sogn-fjordane@bufetat.no


Interessert? Gå inn på  www.fosterhjem.no/sfj
Her finn du oppdatert informasjon om kurs og aktivitet og ”gode historier”.

Web levert av CustomPublish AS