Skuleskyss
Buss frå Sløvåg 07.40 og Brandanger 07.35 til Dalsøyra skule køyrer til rasstaden ved Dalsøyra. Der blir elevane følgt av vaksen forbi rasstaden til ventande buss på andre sida. Tilsvarande løysing på ettermiddag.

Dagpendlarane til og frå Austrheim Vidaregåande i frå Dalsøyra må gå stien over rasstaden og ta bussen i frå andre sida ca kl 07:20. Det kjem ein buss inn til Dalsøyra i frå Rutledal kl 07:20 som og korresponderer med bussen på andre sida av raset.

 

Sjå www.vegvesen.no for meir informasjon.

Foto: Dronebilder frå GMBR