Gulen musikk- og kulturskule

Er dette noko for deg?
Musikk- og kulturskulen gjev no tilbod til ca 50 enkeltelevar. Til no har vi ikkje greidd å få til tilbod innan andre kulturaktivitetar enn musikk.

Kva tilbod me kan få til, vert styrt av kva det er interesse for og kva lærarkrefter det let seg gjere å skaffe. Elevar må rekne med at dei i enkelte høve må fraktast til andre skulekrinsar enn der dei bur for å få undervisning.

Dei fleste vert underviste i større og mindre grupper. Ein del elevar spelar tangentinstrument, andre spelar gitar, blokkfløyte eller syng. I tillegg kjøper dei 3 skulekorpsa i kommunen dirigenttenester.

Tilboda kostar, og gjeldande pris er kr. 2150 pr. elev pr. år. (Både born og vaksne kan søkje).
Notemateriell / utstyr kjem i tillegg.

Undervisinga skal følgje undervisningsåret på skulane slik at når grunnskulen har fridagar, så har musikk- og kulturskulen det og.

Det vert for det meste lagt opp til bruk av instrument elevane rår over sjølve. Tangentinstrument har musikkskulen lånt til undervisning, men elevane må disponere eit instrument for å få øve heime.

Dei som spelar i korps eller syng i kor,  kan sjølvsagt søkje tilbod utover det dei får der.  Det vil vere ein god måte å få ekstra god utvikling på instrumentet sitt på. Til meir ein kan, til kjekkare vert det å spele.

Vil nokon vere med på meir enn eit tilbod, kan det søkjast om, men då må det  betalast for kvart tilbod.
Er det ynskjeleg å setje opp fleire alternativ på søknaden, men berre eit alternativ er aktuelt å vere med på, så prioriter ynskja slik at eg veit kva tilbod eg først og fremst skal gje.
Dei som har vore elevar inneverande skuleår, og som ynskjer å halde fram må søkje på nytt.

Søknaden skal sendast til: 
Gulen kommunale musikkskule, v/Inger Marie Håheim Tynning, 5961 BREKKE

Tlf.  57 78 58 39 (arbeid), 92 89 41 88 (mobil) eller 57 78 54 04 (privat)  
E-post: komusikk@online.no

Søknadsskjema PDF document ODT document

Web levert av CustomPublish AS