Hat-trick for MAKT i Gulen!
Bassist og vokalist Karoline Kjelby Johansen sang seg saman med lead gitarist Alexander Virkesdal, gitarist Mats Stendal og trommis Torstein Virkesdal rett vidare til Fylkes UKM i Sogn og Fjordane.
I år var konkurransen knivskarp og fleire nye talent synte seg frem på scena på Dalsøyra 12. februar. Kontrastane og spennvidda i dei ulike kunstnarlege bidraga var stor, og publikum gjekk frå vill begeistring til andektig respekt. Særleg imponerte Linnea Oppedal på akustisk piano. Ho framførte "River flows in you", og publikum satt som tente lys før applausen braka laus. Her var det klassiske takter og Linnea mottok Gulen kommune sitt kunstnarstipen for 2010 på kr 3000,-
Alette Birkenfeldt og Synne Lihaug Kroken spilte sjølv gitarar og sang seg vidare til FylkesUKM med dei to finstemte låtane "Fields of Gold" og "Transylvania".
Ninni Kjelby Atterås gjekk også vidare i kategorien kunst.
130 tilskodare vitja lokal UKM i Gulen som vert arrangert som eit samarbeid mellom Ungdomsrådet i kommunen og kulturkonsulenten. Etter arrangementet vart det arrangert diskotek og ungdomsrådet sytte for heimtransport for deltakarane med sponsing frå LTU midlane (Lokale transportmidlar for ungdom) får Fylkeskommunen.
Gulen ønsker sine unge talenter lukke til vidare i FylkesUKM s som i år går av stableen helga 23.-25. april i Operahuset på Eid, og gler seg til å sjå fleire unge talent på UKM scena i åra som kjem! vonar de tek med dykk heile helga i Eid og kjem heim att med masse inspirasjon - og nye vener!
Les meir om UKM på www.ukm.no



