Hjortejakta i Gulen 2011
Det er tildelt 754 dyr i Gulen og det er tilbakemeldingar om mykje hjort sett på innmark i sommar og haust.
Ta ansvar for forvaltning av hjortestammen og fell dei dyra de har fått tildelt. Før jaktstart må de hugse å få avtale om ettersøkshund, Gulen Ettersøkslag har lagt ut avtaleformular som du kan laste ned her...
Dei som har avtale med andre enn Gulen Ettersøkslag skal sende kopi av avtalen til Gulen kommune.
Kommunen ynskjer som før å få tilbake fellingsrapport, Sett hjortskjema og slaktevektskjema seinast 10 dagar etter jaktslutt. (Hugs å føre på jaktform på Sett hjortskjemaet) Kommunen sender ut krav til alle valdansvarlege med bakgrunn i rapporten. Fellingsavgifta vert betalt inn til kommunen og går til eit kommunalt viltfond.
Fellingsavgifta er kr 330 for vaksne dyr og 200 for kalv.
Merkadyr
Vi har 4 merka dyr med GPS i Gulen, 2 av dei dyra vart merkt på Eidsbotn i 2010 og dei må me prøve å felle under jakta i haust. Desse dyra har nr 21 og 22. Nr 21 er sist registrert på Eidsbotn, nr 22 på Verkland. Ved felling kontakt Erling Meisingseth på mobil 404 80 203 eller Gulen kommune 57 78 20 45. Det ligg inne info på www.hordhjort.no
Flott og fluge
Helseovervåkingsprogrammet ber jegerar, ettersøkslag og andre som håndterar hjortevilt til å registrere felte/døde dyr på nettsiden www.flattogflue.no
Målet med flattogflue.no er tosidig: Ein ynskjer å få fram kunnskap som nasjonale, regionale og kommunale myndigheter treng i sin forvaltning, og ein ynskjer å ha ei nettside som gir lokale brukarar (jegerar, turgåarar, grunneiarar, helse‐ og veterinærvesen) lett tilgjengelig informasjon om lokale forhold.


