Fossdalselva ligg i Austgulen i Gulen kommune. Elva har utløp frå Stølsvatnet og renn vidare nedover Fossdalen og ender ut i Austgulenfjorden. Fallhøgda er på 285 meter. Asun (SUS) planlegg å installere ein Peltonturbin med slukeevne på 263 % av middelvassføringa. Installert effekt blir på 2,95 MW, med ein årsproduksjon på om lag 8,8 GWh. Det er planlagt slepp av minstevassføring på 25 l/s. Vassveg vert grave ned heile strekninga som er om lag 1000 meter lang. Utbyggingskostnad vert om lag 3,4 kr/kWh.

Fossdalen Kraftverk er tenkt som eit typisk elvekraftverk utan overføringar og reguleringar. Den berørte elvestrekninga er ca. 1000 meter. Inntaksdammen vil liggja nedsprengt i terrenget og vil være tildekka av stadlig vegetasjon. Røyrgata vil bli nedgravea på austsida av elva. Stasjonen vil tilpassast terrenget.

Det er òg søkt om løyve etter energilova for bygging og drift av Fossdalen kraftverk med tilhøyrande koplingsanlegg og kraftline.

Søknaden med vedlegg er også lagt ut til offentleg ettersyn i ekspedisjonen i Gulen kommune fram til høyringsfristen går ut. Om du ønskjer papirutgåve av søknaden, ta kontakt med Rune Dyrkolbotn på tlf.: 930 94 308 eller e-post: runedyrk@online.no

Fråsegn kan sendast oss elektronisk via www.nve.no/konsesjonssaker, per e-post til nve@nve.no eller per post til: NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo innan 25.02.2017.

Klikk her for meir informasjon om søknaden med vedlegg...