Gulen kommune ynskjer å ta ta del i ein fylkesfemnande søknad også i år, og har førebels desse områda til vurdering:

  • Brekke
  • Byrknes
  • Dalsøyra
  • Eivindvik
  • Eide-Sløvåg
  • Instefjord
  • Dalsbygda
  • Oppdalsøyra
  • Ånneland
  • Mjømna

Klikk her for illustrasjonskart (ikkje nøyaktige grenser for utbyggingsområda)...

Den mobilbaserte breibandsdekninga har blitt vesentleg betre i Gulen det siste året, med utbygging av 4G-nett i mange delar av kommunen. Mobilselskapa har planar om vidare utbygging i år, og truleg vil mange vere hjelpne med kapasiteten denne utbygginga gjev.

Innspel om område med dårleg mobil dekning er uansett interessant å få også i denne runden, slik at vi kan medverke til at mobildekninga i kommunen vår vert stadig betre.

Behovet for høg kapasitet vil truleg auke raskt også dei neste åra, og i område med mange innbyggjarar vil ikkje mobilt nett dekkje det samla behovet for kapasitet. Fast breiband kan difor verte den prioriterte satsinga frå kommunen si side i år, med fokus på skulebygdene (utifrå kommunestyret sin vedtekne kommuneplan) men og med andre grender til vurdering.

Lag og organisasjonar, bedrifter og innbyggjarar som ønskjer å gje fråsegn må gjere dette innan 03.04.2017 til postmottak@gulen.kommune.no. Det er ynskjeleg å få konkrete og utførlege innspel om behov, opplevd nosituasjon og moglege bidrag for å få til gode prosjekt. Innspel frå grendalag og andre bygdeutviklingsorgan er særs ynskjeleg, gjerne med kartlegging av ynskjer frå både næringsliv og folk i eiga bygd.

Om støtteordninga for breiband:

Føremålet med den nasjonale tilskotsordninga til utbygging av breiband er å bidra til at alle husstandar får tilbod om breiband av grunnleggande god kvalitet. Det kan og gjevast tilskot til å auke kapasiteten for breiband i område det ikkje kan forventast å komme nye kommersielle tilbod i dei næraste åra.

Det er seks evalueringskriteria for tildeling av statleg breibandstilskot:

  1. Tal nye husstandar som får eit breibandstilbod (vekta 30 %)
  2. Forbetring av eksisterande breibandstilbod (vekta 5 %)
  3. Kostnadseffektivitet (vekta 25 %)
  4. Lokal medfinansiering (vekta 20 %)
  5. Plan for berekraftig drift (vekta 15 %)
  6. Påverknad på lokal samfunnsutvikling (vekta 5 %)

Eitt av krava for å kunne søkje om statleg tilskot, er at kommunen må kunngjere dei geografiske områda utbygginga skal gjelde for. Eit anna krav er at det skal være mogleg for alle partar i dei prioriterte områda å gje innspel til kommunen som kan være til nytte for søknaden eller prosjektet.

Vite meir? Meir informasjon finn du på www.nkom.no. Dekningskart og anna utbyggingsinfo finst på nettsidene til aktuelle leverandørar.

Kontaktperson i Gulen kommune er ass. rådmann Harald Haugejorden, tlf. 57 78 20 03.