Planstrategi 2024-2027

Kommunal planstrategi er eit verktøy for det nye kommunestyret til å vurdere utfordringar og planbehov i valperioden. Politikarane skal innan eit år etter valet ta ei avgjersle på om dei skal endre «kurs» i gjeldande planar, og vidare kva områder ein skal prioritere å arbeide med i kommande periode. 

Prosjektplanen er vedteken, her er formannskapet styringsgruppe med prosjektleiing frå administrasjonen. Planstrategien kjem på høyring, men det er ønskeleg at «alle Gulenaktørane» deltek i debatten om kva vi treng å jobbe vidare med framover. Det vert det lagt opp til fysisk/digitalt møte i april/mai. Møta vil verte annonsert her på innbyggarportalen.
Vi ser fram til di deltaking. 
 

Ved å trykke på lenkene under finn du meir informasjon om planstrategi prosessen: 


Sist oppdatert: 14.03.2024
Publisert: 13.03.2024