Kommuneplan for Gulen kommune 2008 – 2020 Godkjent plan

I medhald av plan- og bygningslova §20-5, 2. ledd kunngjer Gulen kommune den endelege arealdelen av kommuneplanen.

Gulen kommunestyre godkjente planen 08.05.2009. Ein tek atterhald om endringar i planen som ei følgje av departementet sin frist på tre månader til å gjere eller varsle endringar ut frå nasjonale interesser.

Planframlegget gjev styrande føringar for utviklinga av lokalsamfunnet og framtidig forvaltning av areal og andre naturressursar.  Endeleg vedteken plan har direkte rettsverknad. Bygge- og anleggstiltak eller frådeling av eigedom til slike føremål kan ikkje vere i strid med arealbruk eller føresegner som er fastsett i planen.


Gulen kommune 16.juni 2009

Martin Kulild
Rådmann


Sjå innhaldet i kommuneplanen under Planar, budsjett og årsmeldingar.
 

Web levert av CustomPublish AS