Framsida - Organisasjon - Planar og prosjekt - Artikkel

Kommuneplan

Kommuneplanen er kommunen sin overordna plan og vert endeleg vedteken av kommunestyret. Planen inneheld ein samfunnsdel og ein arealdel.

Generelt om kommuneplanen

Samfunnsdelen gjer greie for kommunen sine utfordringar og kva strategiar som skal leggast til grunn for å møte desse.

Kommuneplanen sin arealdel avklarer kva område som kan byggast ut og kva forutsetningar som ligg til grunn for utvikling av områda. Arealdelen vert vedteken med rettsvirkning.

Arealdelen omfattar ein planrapport og eit plankart. Planrapporten gjev føresegner og informasjon til dei ulike arealføremåla som syner i plankartet. Planen gjev styrande føringar for utvikling av lokalsamfunnet og framtidig forvaltning av areal og andre naturressursar. Bygge- og anleggstiltak etter frådeling av eigedom til slike føremål kan ikkje vere i strid med arealbruk eller føresegner som er fastsett i planen.

Minst ein gong i løpet av en valperiode skal kommunestyret vurdere om det er trong for å gjere endringar i kommuneplanen.

Nyttige lenker

www.bing.nu
(opplysingar om plan og bygningslova i samband med planprosessen for planar, utbygging, søknader, løyver, dispensasjoner, osv.)

www.nordhordlandskart.no 
(nærare opplysinger om kart)

www.fylkesatlas.no
(nærare kartopplysingar med ulike tema i samband med plankartarbeid)

www.geoweb.no/braplan/
(nærare opplysingar om alle registrerte planar innan Gulen kommunen sitt ‘planregisteret’)

Web levert av CustomPublish AS