Det er frivillige lag og organisasjonar som er berebjelken i kultur- og idrettslivet i Gulen kommune. Det er dei som arrangerar alt frå kunstutstillingar, rockeverkstad og påskebasar til skytestemner, fotballcupar og fjellturar. Difor er det viktig for Gulen kommune å på best mogleg måte leggje til rette for at frivilligheiten skal ha gode vilkår. Dette gjer me mellom anna med å dele ut kommunale kulturmidlar, låne ut offentlege lokale vederlagsfritt, bistå i søknadsprosessar om eksterne tilskot og forskottere spelemidlar.

I tillegg til å ha ein blomstrande frivillig aktivitet med nærare 70 registrerte lag og organisasjonar, har Gulen kommune også ei rik og viktig historie. Me er heimkommunen til det første vikingtinget, nemleg Gulatinget! Det var i vår kommune at vikingane for første gong samla seg for å diskutere lov og rett, og dermed var med på å legge grunnlaget for det rettssystemet som me har i dag. For meir informasjon om Gulatinget, sjå www.gulatinget.no.

Me har også fleire andre stader av kulturhistorisk interesse. Meir informasjon om desse, og anna nyttig informasjon knytt til kulturlivet i Gulen kommune finn du i menyen til venstre. På Gulen kommune si Facebookside vil du også finne oppdatert informasjon om aktivitetar og arrangement i kommunen.