Kulturtilbod og -arrangement
 

Gulen Fiskarbondemuseum

Her finn du m.a. opningstider og kontaktinformasjon for Gulen Fiskarbondemuseum.

Sellevåg treskofabrikk

Sellevåg Treskofabrikk er ein treskofabrikk som ligg i Sellevåg i Gulen i Sogn og Fjordane. Den vart starta i 1899 og produserte tresko fram til 1975. Fabrikkanlegget står på Riksantikvaren si liste over verneverdige industrikulturminner. (Wikipedia)

På ramnens dag

AOF Norge satsar stort i Gulen i sommar. Vil du vere med på teater? Vi treng folk på og utanfor scena. Kom gjerne til presentasjons- og informasjonsmøte, 27. februar 2012 kl 18:00, Kiosken - Byrknes Handel!

Hovudbibliotek i Eivindvik

Bibliotek

Gulen folkebibliotek

Gulen kommune har desentralisert bibliotekteneste med avdelingar i alle skulekrinsar. Utlån av bøker, lydbøker, videofilm og tidsskrift. Biblioteka er stengt i skuleferiane.
UKM-logo-i-emblem 2011_500x186

Det vert Lokal UKM i Gulen 2011

Tid: Fredag 11. februar kl. 18.00
Stad: Dalsøyra skule (Gymsalen)

Kystarven i Gulen

Gulen kommune har blitt tildelt kr. 375 000,- frå Direktoratet for Naturforvaltning til rydding, merking og profilering av turstiar i Gulen. I tillegg har prosjektet blitt tildelt kr. 150 000,- i tilskot frå Gulen kommune. Trimgruppene rundt i kommunen jobbar dugnad og kommunen stillar i tillegg med personalressursar frå kulturavdelinga og teknisk etat for å matche den statlege løyvinga.

Studietur til Skottland

Prosjektet Kystarven arrangerer i samarbeid med Stiftinga Jensbua 17.-22. oktober i år ein studietur til Skottland. Kystarven er eit av 10 hovudprosjekt under det nasjonale programmet "Naturarven som verdiskapar". Prosjektet omfattar dei fem HAFS-kommunane, og i eit av delprosjekta er målet å etablere minst 10 nye naturbaserte reiselivsprodukt i prosjektperioden (2009-2013).

Store talent frå Gulen på Fylkes UKM!

Gulen kom godt fra det i Fylkes UKM som denne gangen vart arrangert i Operahuset på Eid 23.-25. april.

Hat-trick for MAKT i Gulen!

For tredje år på rad slo gruppa "MAKT" til og vann den lokale UKM mønstringa i Gulen. -Dette er ikkje nett musikk for bestemødre, sa kulturkonsulent og konferansier Anne-K.Misje mens bandet gjorde seg klar. Men bestemødre er ikkje lengre kva dei ein gang var, og det hardtslåande metal bandet dro til med tungrock som fikk sjølv ordførar Trude Brosvik til å trampe takten.
Booking av Tusenårstaden - Turbo Rock 2008

Booking av Tusenårsstaden 2010

Det er no opna for booking av Tusenårsstaden Gulatinget for sommarsesongen 2010. Alle lag, organisasjonar, arrangørar, bedrifter og einskildpersonar som ynskjer å bruke Tusenårsstaden til sine arrangement er velkomne!


Eksterne ressurser

Web levert av CustomPublish AS