Gulen kommune har i medhald av Plan-og bygningslova § 12-12 vedteke reguleringsendring for Gåtafeltet gbnr. 95/353 i møte den 14.09.17, sak 16/1415.

Vedtaket frå kommunestyret kan påklagast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane innan 3 veker frå kunngjeringsdatoen jf. Pbl. §§ 1-9 og 12-12, og forvaltningslova kap. VI. Eventuell klage framsetjast skriftleg, og sendast til Gulen kommune, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik.

Nærare opplysningar om verknadane av reguleringsplanen med bestemmelsar og klageadgangen kan ein få ved å henvende seg til planavdelinga.

Plankart med bestemmelsar og saksframlegg er lagt ut på Gulen kommune sine nettsider her.