Ledig stilling som bibliotekmedarbeidar - hovudbiblioteket Eivindvik

Søknadsfrist 15.02 2012

  • Vi har ledig vikariat ved biblioteket i Eivindvik frå 01.03.2012 til 28.02.2013.
    Arbeidstida vil vere 4 timar/veke.


Arbeidsoppgåver for denne stillinga vil vere knytt til utlån, med arbeidstid for tida om torsdagane mellom kl 15.00 og 19.00. Resten av opningstida vert betjent av biblioteksjefen.

Vi ynskjer ein person som:

  • Liker å lese, og har kjennskap til og er interessert i formidling av bøker
  • Er nøyaktig og strukturert
  • Er positiv og serviceinnstilt
  • Erfaring med bruk av data er ei føremon.


Ta kontakt med biblioteksjef Sigrid Solberg, telefon 57 78 42 00 (mandagar) eller ny biblioteksjef Hege Hjartholm, telefon 57 78 20 22  for nærare informasjon.

Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.

Søknad med CV vert å sende til Gulen kommune, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik innan 15.02.2012

Web levert av CustomPublish AS