Framsida - Arkiv - Article
Ledig stilling som prosjektleiar bygg
  • Nyoppretta 2-årig prosjektstilling som prosjektleiar bygg er ledig frå snarast, 100% stilling.


Arbeidsoppgåver:

  • Byggeleiing/koordinering av kommunale bygge/rehabiliteringsprosjekt.

Kommunen skal gjennomføre både større og mindre rehabilitering/oppgradering av eksisterande bygningar, samt noko nybygg. Arbeidet vil omfatte alle delar av byggeleiing; finne avvik i bygg, prosjektbeskriving/anbodsinnhenting, kontakt/oppfølging av entreprenørar og eigne handverkarar, budsjettoppfølging og så vidare.

Me ynskjer ein person som har:

  • høgskule, teknisk fagskule, fagbrev eller lang relevant praksis innanfor bygg og byggeleiing
  • gode datakunnskapar
  • kjennskap til offentleg forvaltning
  • relevant praksis
  • gode samarbeidsevner og er fleksibel

Krav om førarkort.

Nærare opplysningar ved einingsleiar drift og vedlikehald, Geir Haveland, tlf. 57 78 20 30.

Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
For tilsetjing innan PU, i skule og barnehage vert det stilt krav om politiattest.

Søknad med CV vert å sende til Gulen kommune, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik innan 01.02.2011

Web levert av CustomPublish AS