Framsida - Arkiv - Artikkel
Ledige stilling som einingsleiar ved PU-tenesta Dalsøyra
  • Ledig 100% vikarstilling som einingsleiar ved PU-tenesta Dalsøyra
    1-års Vikariat


Einingsleiar rapporterer direkte til rådmann. 20% av stillinga er i turnus/med brukarane. Resten av stillinga vert nytta til administrative oppgåver.

Vi søkjer ein person med:

  • relevant treårig utdanning på høgskulenivå
  • utdanning/erfaring innan administrasjon/økonomi/leiing er ynskjeleg
  • erfaring frå arbeid med denne brukargruppa er ynskjeleg
  • positiv haldning, sjølvstende, evne til å motivere medarbeidarar og skape gode samarbeidstilhøve vert vektlagt
  • erfaring i bruk av data

Arbeidsoppgåver:

  • ansvar for drift av eininga, inkl. økonomi og personalleiing
  • samarbeid med andre fagpersonar i 1. 2. og 3. linjetenesta
  • kontakt med brukarar og pårørande
  • andre oppgåver kan kome til

Nærare opplysningar ved rådgjevar omsorg Ingebjørg Søreide, tlf. 57 78 20 04 eller
einingsleiar Bjørg Haugland, tlf. 480 01 126.

Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
For tilsetjing innan PU, i skule og barnehage vert det stilt krav om politiattest.

Søknad med CV vert å sende til Gulen kommune, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik innan 01.02.2011

Web levert av CustomPublish AS