Kort om søkjeprosessen
Vil du søkje på ei ledig stilling hjå oss, må du registrere CV og sende søknaden elektronisk. Dette gjer du ved å opprette ein eigen brukeridentitet og eit passord i Webcruiter. Vi har ikkje moglegheit til å motta opne søknadar, men viss du ynskjer informasjon om karrieremoglegheiter i Gulen kommune kan du ta kontakt med leiar økonomi, løn og personal, Mona Molland, mona.molland@gulen.kommune.no, telefon 57 78 20 25

E-postkommunikasjon
E-postadresse nyttast som brukeridentitet. Dersom du ikkje allerede har eiga e-postadresse, kan du lage ei ny gratis via ei rekkje leverandører. Du bør og legge inn e-postadressa i CV-en, som ei kontaktopplysning.

Når du har søkt på ei stilling, vil du få svar på e-post der vi stadfestar at søknaden er motteke. Underveis i tilsetjingsprosessen vil det og være e-postkommunikasjon.

CV i basen vår
Det er ikkje naudsynt å registrere ny CV for kvar gang du søkjer ein jobb i Gulen kommune. Du nytter den CV-en du har lagt inn og skriv ein kortfatta søknadstekst i tillegg. Du kan sjølv slette CV'en din når du ikkje lengre ønskjer å ha den liggande i CV-basen vår. Har du søkt jobb andre stader og nytta WebCruiter, kan du bruke opp att identiten din.

Klikk her for å endre CV'en din...

Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

 

Etableringstilskot
Dersom du vurderer å flytte til Gulen kommune, kan kommunen tilby etableringstilskot etter nærare fastsette reglar. For å lese meir om etableringstilskot klikk her...