NAV Gulen

Telefon 57 01 63 20

Melding om registrering/endring i adresse eller kontonummer

 

Stortinget har vedteke Ny arbeids- og velferdsforvaltning med formål å:

  • få fleire i arbeid, færre på stønad
  • tilpasse tenestene til brukarane sine behov
  • få meir heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning

Tidlegare Aetat og Trygdeetat vart avvikla frå 01.07.2006, samstundes som det vart etablert ein ny statsetat; NAV som skal syte for alle dei oppgåvene som tidlegare låg til Aetat og Trygdeetaten.

I samsvar med lovregulering blir det inngått samarbeidsavtale mellom Arbeids- og velferdetaten i Sogn og Fjordane og Gulen kommune om etablering og drift av NAV Gulen.

Den kommunale sosialtenesta vart innlemma i NAV Gulen frå opning av kontoret 17. mars 2009, men er framleis ei kommunal teneste.

Dei kommunale tenestene det gjeld er

NAV Gulen held til i kommunehuset med opningstid kl. 09.00-14.30.

Det nye NAV-kontoret har 6 tilsette og leiar er Asgeir Heimly.

Ved NAV-kontoret skal brukarane møte integrerte tenester, der tilsette frå statleg og kommunal forvaltning arbeider saman for å finne løysingar for brukarane i lag med dei.

Lokale mål for NAV Gulen

  • Brukerne skal oppleve god service hos NAV Gulen.
  • NAV Gulen skal motivere alle brukere til å komme i arbeid eller annen from for aktivitet.
  • Alle brukere under 25 år skal være i aktive tiltak. Med aktive tiltak menes en daglig aktivitet med faste tidsrammer.
  • NAV Gulen skal motivere brukere til mobilitet og fleksibilitet i forhold til marked og yrkesvalg.
  • NAV Gulen skal vi være tydelige på roller og ansvarsforhold i samspillet mellom bruker og ansatt. Det er viktig at bruker tar ansvar i egen situasjon/prosess.
  • NAV Gulen skal etablere godt samarbeid og samspill med næringslivet og arbeidsgivere i kommunen for å sikre tilgang på arbeids- og praksisplasser og samtidig bistå næringslivet med rekruttering av ny arbeidskraft og med sykefraværsstøtte.

Meir informasjon fra NAV: www.nav.no

 

OBS: Helseføretaka utbetaler reiseoppgjer frå 17. november 2009!

Det er ingen endringar når det gjeld rettar, men nokre praktiske endringar for deg som reiser utan rekvisisjon:

  • Du skal ikkje lenger oppsøkje NAV for å få tilbakebetalt reiseutgifter.
  • Du får det nye reiserekningsskjemaet hjå behandlar eller hentar det på www.pasientreiser.no.
  • Det er informasjonsskrankar på sjukehusa i Førde, Eid og Lærdal. Her kan du få informasjon og rettleiing.
  • Reiserekning med originalkvitteringar og stadfestingar (td på at du har vore til behandling) sendast til:
    Helseforetakenes senter for pasientreiser, postboks 2533, 3702 Skien 

Ring 05515 for spørsmål om:

  • Reiseplanlegging
  • Ufylling av reiserekningsskjema
  • Informasjon om reiseoppgjer
  • Bestilling av reise med rekvisisjon

 

Web levert av CustomPublish AS