Du kan røyste på førehand i alle kommunar i landet.
Du kan berre røyste éin gong – på førehand eller på valdagen.
Hugs å ta med legitimasjon og valkort!

Kven har røysterett?

  • Norske statsborgarar som er eller har vore folkeregistrert som busette i Noreg
  • Alle må ha fylt 18 år innan utgangen av 2017

Tidlegrøysting

I perioden 1. juli – 9. august kan du gjere avtale om tidlegrøysting, dersom du ikkje kan røyste på valdagen eller ved den ordinære førehandsrøystinga som startar 10. august. Du må møte opp på kommunehuset i Eivindvik for å få avgitt tidlegrøyst.

Gjer avtale på telefon 57 78 20 00, eller e-post: postmottak@gulen.kommune.no

Førehandsrøysting

I Gulen kan du røyste på førehand her:

  • På kommunehuset alle arbeidsdagar kl. 10.00 – 14.00.
  • På sjukeheimen fredag 01. september kl. 11.00 – 13.00
  • På Vidsyn fredag 01. september kl 12.00 – 16.00
  • På alle bu- og omsorgssentera laurdag 02. september kl. 10.00 – 13.00

Røyste der du oppheld deg

Sjuke og uføre kan søke kommunen om å få røyste heime. Du kan søke

  • munnleg via telefon, 57 78 20 00
  • skriftleg til Gulen kommune, Eivindvik vegen 1119, 5966 Eivindvik
  • på e-post til postmottak@gulen.kommune.no

Søknaden må vere kommen inn seinast onsdag 06. september

NB! Bebuarar på bu- og omsorgssentera treng ikkje søke, det er nok å gi beskjed til personale ved senteret om at du vil røyste der du bur.

Valstyret i Gulen ved Hallvard Oppedal, leiar.