Ny kommuneblomst i Gulen

I fjor oppmoda kommunen folk om å komme med forslag til kommuneblomst. No har vi endeleg fått resultatet.
Sogn og Fjordane Fylkeskommune, KS og Det Norske Hageselskapet har den 9. februar 2010 tildelt Armeria maritima som Gulen kommune sin kommuneblomst.
I samband med at Det Norske Hageselskap hadde 125 års jubileum i 2009, vart kommunane oppmoda om å kome med forslag til eigen kommuneblomst. Ein lokal komité vurderte dei innkomne forslaga, og strandnellik vart valt som nr. 1.
Strandnelliken - Armeria maritima er ein flott representant i kystlandskapet, som klamrar seg fast langs den lange strandlina vi har i kommunen vår.



