Geografi/natur eide small
Kystkommunen Gulen ligg heilt sørvest i Sogn og Fjordane på grensa til Hordaland, og mellom Sognefjorden og Fensfjorden. Landarealet på 596km² inneheld ein variert og spennande natur. med 1500 øyar, holmar og skjer, og eit fastland som er prega av små dalføre på kryss og tvers i landskapet. Spennet er langt frå dei yste nakne øyane mot Nordsjøen i vest, til dei frodige landbruksbygdene mellom dei ville fjella i aust, mot Stølsheimen. Dei 2500 fastbuande bur spreidd i landskapet, og fordeler seg ganske jamt i dei fire skulekrinsane Brekke, Dalsøyra, Eivindvik og Byrknes.

Kommunikasjonane nord- og sørover er gode. Frå kommunegrensa i sør er reisetida omlag 1 time med bil til Bergen, medan det tek under 1½t å køyre til Bergen eller Førde frå Oppedal fergekai nordaust i kommunen. Snøggbåtar tek deg trygt og raskt til Bergen, Fjordane og Indre Sogn.

Næringslivet eivindvik small
Næringslivet i Gulen er prega av mange små verksemder. Omlag 170 gardsbruk i aktiv drift gjer landbruket til ei viktig næring. Tradisjonelt fiskeri har og lange tradisjonar.

I dei seinare åra har havbruk vorte ein viktig del av næringsgrunnlaget. Med 20 laksekonsesjonar i drift er Gulen den største havbrukskommunen i Sogn og Fjordane. Det vert også satsa på fiskeforedling.

Gulen kommune ligg innafor verkeområdet til dei distriktspolitiske verkemidla, og har god tilgang til finansieringsordningar innafor næringsutvikling, m.a. gjennom Innovasjon Norge og kommunale fond til næringsretta tiltak.

Ledige areal til industriføremål finst m.a. i Brekke (Ortneset), Eivindvik og Sløvåg.
Sløvåg-området, som har Mongstad rett på andre sida av fjorden, er utpeika som eit av satsingsområda for ny industri i Sogn og Fjordane.

Bustadbygging
I Gulen er det romsleg med areal og låge grunnprisar. Dette gjev høve til større tomtar enn det som er vanleg i meir tettbygde strok. Byggjeklare tomter finst i alle skulekrinsane.

Kultur og reiselivkrossen 2 small
Gulen har ei rik soge. Gulatinget, som var det første landsdelstinget i Noreg og ein viktig grunnstein i oppbygginga av statsapparatet etter samlinga av Noreg til eit rike, var skipa i Gulen ein gang før år 900. Gulatinget held til i Gulen i over 400 år, til det vart flytta til Bergen rundt år 1300. Dei to vakre steinkrossane i Eivindvik og døypefonten av stein i Gulen Kyrkje, alle truleg frå omlag år 1000, er av dei finaste tidlege kristne minnesmerka i landet, og syner at Gulen låg sentralt til i vikingtida.

Gulatinget er vald til Tusenårsstaden i Sogn og Fjordane. Skulptøren Bård Breivik har utforma ein ruvande skulpturpark på naturskjønne Flolid, 3 km frå Eivindvik, ei verdig markering av denne viktige kulturarven som me kan ause kunnskap av også i dag, til dømes om korleis lovar vert til, korleis folk kan løyse konfliktar utan å ty til vald, og i det heile korleis eit demokratisk samfunn vert bygd opp.

Reiseliv 
Gulen vert eit stadig meir populært reisemål. I Ytre Gulen kan du oppleve rorbu- og fiskeferie i vakker skjergard. Innover i kommunen vert det og satsa på turisme basert på natur og friluftsopplevingar.
skjargard small
Gulen Fiskarbondemuseum vart oppretta for å ta vare på soga om den tradisjonelle levemåten i Gulen, med "eitt bein i sjøen og eitt på land". Museet har vorte eit spanande reisemål for alle som vil vita meir om kystkultur. Andre viktige og levande kulturminne i kommunen er Sellevåg Treskofabrikk og Vassbruksmiljøet i Midt-Takle.


 

For turistinformasjon, kontakt Fjordkysten, turistkontoret for kystkommunane i Sogn og Fjordane.