Gulen kommune har 4 kommunale barnehagar, der to av barnehagane er i felles eining med skulen:
-Brekke barnehage og skule
-Byrknes barnehage og skule
-Dalsøyra barnehage
-Eivindvik barnehage
Vi har framleis ledige stillingar som pedagogisk leiar ved barnehagane i Gulen kommune.
- Ledig 100 % vikarstilling frå om lag 01.09.2011 og i eitt år ved Eivindvik barnehage
- Ledig 100 % stilling ved Dalsøyra barnehage. Det vil verte avklart om stillinga er fast eller vikariat snarast etter påske
- Andre ledige stillingar kan kome til ved barnehagane Eivindvik, Dalsøyra og Brekke - både faste stillingar og vikariat. Ta gjerne kontakt med aktuell einigsleiar for spørsmål
Vi ynskjer ein person som:
- Har utdanning som førskulelærar
- Trivst med uteaktivitetar saman med born
- Liker å halde på med kreative aktivitetar saman med borna
- Tar initiativ, har gode samarbeidsevner og kan jobbe sjølvstendig
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø både for borna og dei vaksne
Nærare opplysningar ved
-einingsleiar Eivindvik barnehage, Ann Norunn Leknes, 57784187
-einingsleiar Dalsøyra barnehage Marie Hendrix, tlf 57783823
-einingsleiar Brekke barnehage og skule, Bodil B. Takle, tlf. 57 78 54 43
Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
For tilsetjing innan PU, i skule og barnehage vert det stilt krav om politiattest.
Søknad med CV vert å sende til Gulen kommune, 5966 Eivindvik innan 03.05.11
|