Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Postliste

Nedanfor finn du postlista til Gulen kommune.

Kva vert eigentleg synt på postlista i Gulen kommune?
På vår postliste vert det synt inngåande og utgåande brev til og frå kommunen og i tillegg ein del interne notat. Postlista syner berre dokument som vert registrert i vårt felles saks- og arkivsystem. Dette gjeld saksbehandling og dokumentasjon innan sentraladministrasjonen, einingane plan, landbruk og teknisk, delar av NAV, overordna skriv til og frå barnevern, helse og oppvekst. Vi gjer oppmerksom på at e-postar som vert sendt direkte til sakshandsamar også vert registrert i vårt felles saks- og arkivsystem og dermed vert synlege på postlista. Dokumentasjon knytt til enkelte personar/tenester som er underlagt teieplikt vert ofte registrert i andre arkivdelar og vert dermed ikkje synt på postlista. (for eksempel saker innan pleie- og omsorg, klientsaker innan NAV, barnevern, helse, oppvekst)

I kva rekkjefølgje vert dokumenta plassert?
Det er journaldatoen, dvs. den datoen dokumentet er kvalitetssikra og journalført av arkivet, som ligg til grunn for kalenderplasseringa og ikkje brevdato. Du vil ikkje sjå post frå dei 3 siste dagane då arkivet treng tid til kvalitetssikring etter offentleglova og arkivlova med forskrift.

Kvifor er det ofte berre inngåande dokument som er synt, skriv ikkje kommunen svar?
Kommunen skriv svar, men grunna omfattande dokumentmengd vert inngåande brev ofte prioritert journalført framfor utgåande brev og notat. Dokument vert journalført kontinuerleg frå arkivet, dvs. at dokument i arkivet vil kome fortlaupande på postlista.

Korleis kan ein få innsyn i dokument?
Alle dokument som vert synt er i utgangspunktet offentleg og kan verte kravd innsyn i av kven som helst. Frå 01.01.2016 er dokumenta på postlista tilgjengeleg som nedlastbare pdf-dokument. Dersom dokument inneheld opplysningar som ikkje er offentleg vert dette skjerma og det vert henvist til lovparagraf.

Nokre dokument er offentlege, men er ikkje publisert då dei inneheld opplysningar som ikkje skal publiserast på nettside. Fødselsnummer er eit døme på opplysning som vert brukt i ulike skjema i saker som er offentlege, men fødselsnummer skal ikkje publiserast på nettside. Dokument i journalpostkategorien «ikkje publisering» kan ein bestille pr. e-post ved å klikke på >> Bestill dokument.

Dokument som er skjerma kan ein krevje innsyn i ved å kontakte ekspedisjonsavdelinga. Kravet om innsyn ver registrert i sak- og arkivsystemet og saksbehandla.
E-post: postmottak@gulen.kommune.no

eller

Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik

 


Åpne postlista i eige vindauga

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk German