| PPT-Rådgivar |
PPT-kontoret i Gulen er ein del av PPT-regionen Ytre Sogn og -Sunnfjord, og har 2,5 fagstillingar. Det er ledig 50 % stilling som rådgivar frå snarast. 30% av stillinga er fast, og 20% er vikariat fram til 31.7.11. Vi ynskjer søkjarar med utdanning som psykolog, spesialpedagog med 2.avdeling/master, eller anna tilsvarande utdanning. Det er også ynskjeleg med erfaring frå liknande arbeid. Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Kontorplassering er i Eivindvik, men alternativ kan diskuterast. I hovudsak vil arbeidsområdet vere kommunane Gulen, Masfjorden og Solund, men det må også påreknast arbeidsoppgåver for resten av regionen. PP-tenesta i regionen har eit tett fagleg samarbeid, og har faste møtedagar på skulane og barnehagane. Den som vert tilsett, må derfor disponere eigen bil. Opplæringsmålet i regionen er nynorsk. Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Løn etter avtale. Nærare opplysningar om stillinga: Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Søknad med CV vert å sende til Gulen kommune, 5966 Eivindvik innan 12.07.10 |


