PPT-Rådgivar

PPT-kontoret i Gulen er ein del av PPT-regionen Ytre Sogn og -Sunnfjord, og har 2,5 fagstillingar.

Det er ledig 50 % stilling som rådgivar frå snarast. 30 % av stillinga er fast, og 20 % er vikariat fram til  31.7.11.

Vi ynskjer søkjarar med utdanning som psykolog, spesialpedagog med 2.avdeling/master, eller anna tilsvarande utdanning. Det er også ynskjeleg med erfaring frå liknande arbeid.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Kontorplassering er i Eivindvik, men alternativ kan diskuterast. I hovudsak vil arbeidsområdet vere kommunane Gulen, Masfjorden og Solund, men det må også påreknast arbeidsoppgåver for resten av regionen.

PP-tenesta i regionen har eit tett fagleg samarbeid, og har faste møtedagar på skulane og barnehagane. Den som vert tilsett, må derfor disponere eigen bil.  Opplæringsmålet i regionen er nynorsk.

Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Løn etter avtale.

Nærare opplysningar om stillinga:
PPT-leiar Herfinn Takle, tlf. 57 78 32 74/97 97 57 63
rådgivar Kari Brekken, tlf. 57 78 20 05

Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
For tilsetjing innan PU, i skule og barnehage vert det stilt krav om politiattest.

Søknad med CV vert å sende til Gulen kommune, 5966 Eivindvik innan 20.09.10
 

Web levert av CustomPublish AS