Dei som søkjer innan fristen og har krav på redusert foreldrebetaling, får fastsett eigne takster gjeldande frå 1. august 2017. Det er lov å søkje seinare og, men då vil dei nye takstane gjelde frå månaden etter vedtaket er gjort.

Ordningar det kan søkast om:

Redusert foreldrebetaling
Makspris for første barn i 2017 er 2730 kroner pr. mnd., 30 030 kr pr. år. Dette skal maksimalt utgjere 6% husstanden si inntekt og grensa for hustandsinntekt vert såleis 500 500 kroner. Husstandar med lågare inntekt enn dette får berekna eigne betalingssatsar for barnehageåret med utgangspunkt i samla inntekt for husstanden i 2016. Dokumentasjon er innsend sjølvmelding (skattemelding) for 2016.

Gratis kjernetid
Husstandar med samla inntekt i 2016 mindre enn 417 000 kroner, har rett på 20 timar gratis kjernetid i barnehagen for 3-, 4- og 5 åringar og barn med utsett skulestart.


Send søknaden til Gulen kommune, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik, og legg ved husstanden sine sjølvmeldingar (skattemeldingar) for 2016. Kommunen har ikkje eigne søknadsskjema for dette. Har de spørsmål til ordningane, kan de kontakte:

Kommunalsjef oppvekst Jan-Ove Einebærholm

Tlf. 57 78 20 05