Gulen vertskap for Nordatlantisk Tingstadkonferanse 4.-7. april 2011
![Thing project jan 2011[ 1] Thing project jan 2011[ 1]](http://img6.custompublish.com/getfile.php/1441081.1286.wxaqwrwfyb/Thing+project+jan+2011%5B1%5D.jpg)
Gulen kommune er ein av partnarane i EU prosjektet "THING Project"
Dette som ein lekk i Utviklingsplanen for Gulatinget der ein av strategiane er å knyte Gulatinget opp mot andre tingstader i Nordatlanteren. THING Project er eit treårig nettverksprosjekt med medlemslanda Island, Isle of Man, Skotland, Shetland, Orknøyane og Færøyane. Desse landa skipa i 2008 "Nordatlantisk tingstadnettverk" under den første konferanse der alle landa var samla - i Gulen.
Klikk her for å lese meir om THING Project...
Gjennom hovudprosjektet skal ein bygge opp og styrke det internasjonale samarbeidet mellom tingstadane, samt dele beste praksis mellom medlemslanda. Det vert arrangert to konferansar i året der fokus er formidling, utvikling, marknadsføring og profilering av tingstadane i fellesskap. EU prosjektet går frem til og med 2012.
Gulen skal vere vertskap for den neste konferansen i nettverket, som går av stabelen 4.-7. april 2011. Program for konferansen vert lagt ut på heimesida til Gulen kommune, og på www.Gulatinget.no
Klikk her for å lese meir om Nordatlantisk Tingstadnettverk...


