Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 EIVINDVIK
Opningstider ekspedisjonen: kl. 09.00-15.00
Telefon: 57 78 20 00
Røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011
Opplysningane er henta frå Kommunal- og regionaldepartementet sine valsider www.valg.no
Har du elles spørsmål om valet kan du ringe Gulen kommune på 57 78 20 00.
Desse har røysterett:
Norske statsborgarar som
- vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som
- er eller nokon gong har vore folkeregisterførte som busette i Noreg, og som
- ikkje har mist røysteretten sin etter Grunnlova § 53.
Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.
Ikkje-norske statsborgarar som oppfyller dei andre krava, dersom dei
- har vore innførte i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller
- er statsborgar i eit anna nordisk land og har vorte folkeregisterførte som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret.
Utanlandske statsborgarar som melder flytting ut av Noreg før valdagen, mister røysteretten.
For å kunne røyste må du stå innført i manntalet i ein kommune.



