Dette betyr at me må foreta ei rullering av Handlingsprogrammet no i haust. Rullering av planen vil bli teken opp i kommunestyret sitt møte i desember. Vi opnar difor opp for ny runde med innspel til rullering, desse må sendast til Gulen Kommune innan 23. november.

Dei innspela som er kommen inn i samband med revisjonen blir tekne med vidare, og treng ikkje meldast inn på nytt.

Tiltak ein ynskjer søkje spelemidlar til må ligge i Handlingsprogrammet for Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet.

Innspel til rullering av handlingsprogrammet i Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet 2014-2017 sendast til:

Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik

eller

postmottak@gulen.kommune.no