Framsida - Arkiv - Artikkel
Sakshandsamar/ møtesekretær


Vi har ledig ei nyoppretta 55% fast stilling som sakshandsamar/ møtesekretær frå snarast.

Vi ynskjer ein person med:
• Relevant utdanning/ erfaring frå tilsvarande arbeid
• Gode datakunnskapar
• God skriftleg framstillingsevne
• Gode samarbeidsevner, som er fleksibel og strukturert

Arbeidsoppgåver:
• Møtesekretær
• Sakshandsaming
• Andre merkantile oppgåver.

Personlege eigenskapar vil verte vektlagd. Stillinga kan kombinerast med stilling som biblioteksjef. Ved tilsetjing vil vi prioritere kombinasjonen av desse stillingane dersom kvalifisert søkjar til biblioteksjefsstillinga ynskjer dette.

Nærare opplysningar om stillinga:
Rådmann Martin Kulild, tlf 57782001
Leiar løn og personal Mona Molland, tlf 57782025

Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
For tilsetjing innan PU, i skule og barnehage vert det stilt krav om politiattest.

Søknad med CV vert å sende til Gulen kommune, 5966 Eivindvik innan 12.07.10

 

Web levert av CustomPublish AS