Ettersøk av skada vilt og handtering av kadaver
Gulen kommune fekk i 2001 ein avtale med Gulen Ettersøkslag som rykkjer ut med ekvipasje etter oppmoding frå lensmann, viltansvarleg eller tredjeperson.
Gulen kommune har gjeve Gulen Ettersøkslag ein generell dispensasjon for bruk av kunstig lys og bruk av motorkøyrety ved ettersøk og avliving av skada vilt.
Fjerning av hjortekadaver er grunneigar sitt ansvar. Ligg kadaveret på Statens Vegvesen sin grunn, ring 175.
Gulen kommune skal alltid ha melding om funn av kadaver.
Etter ein kollisjon spring ofte dyret sin veg, sjølv om det er hardt skadd. Då er det viktig med nøyaktig merking av staden der uhellet skjedde og gje melding så snart som råd er, slik at ettersøkshunden får gode arbeidstilhøve. Gje opp namn og telefonnr, slik at dei som skal gå ettersøk kan få kontakt med dykk.
Dersom dyret er skada og ligg i vegkanten kan de ringe direkte til ein av medlemmene i Ettersøkslaget, slik at ei evnt. avliving av dyret kan skje raskare.
| Medlemar Gulen Ettersøkslaget | Telefon | Mobil | |
| Karstein Elnes (leiar) | 5966 Eivindvik | 971 40 824 | |
| Roar Elnes | 5966 Eivindvik | 57 78 38 45 | 416 85 260 |
| Geir Haveland | 5966 Eivindvik | 57 78 58 29 | 908 49 494 |
| Lars Elling Haugsver | 5983 Haugsvær | 976 67 912 | |
| Bjarte Asheim | 5961 Brekke | 414 10 491 | |
Hordaland Politidistriktet, tlf. 02800
Lensmannen i Gulen, tlf. 57 78 13 00
Gulen kommune v/viltforvaltninga, tlf. 57 78 20 45


