Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 EIVINDVIK
Opningstider ekspedisjonen: kl. 09.00-15.00
Telefon: 57 78 20 00
Klagehandsamning eigedomskatt
Sakunning klagenemnd starta i oktober 2010 arbeidet med handsaming av klager etter innføring av allmenn eigedomsskatt i 2009. Arbeidet er venta ferdig i løpet av 1. halvår 2011.
Når det gjeld søknad om fritak etter §7c, som gjeld fritak for rehabiliterte bustadhus med dokumenterte kostnader over kr. 500.000,-, vert desse søknadane handsama av Formannskapet. Arbeidet er venta ferdig 1. halvår 2011. Dei som får medhald i klage og dei som får fritak etter §7c, vil få etterbetalt mellomliggjande beløp med renter.

Eigedomsskatt i Gulen er ikkje ulovleg
Fylkesmannen har gjennomført ein lovlegkontroll av Gulen kommune si utskriving av eigedomsskatt for 2009. Det er blitt stilt spørsmål i media om skatten er skriven ut innan fristen i eigedomsskattelova. Fylkesmannen har konkludert med at det ikkje er grunnlag for å oppheve avgjerda frå kommunen fordi overgangsreglar gav kommunen utvida tidsfrist.
Eigedomsskatt Gulen kommune Takseringsprinsipp
Takseringsprinsipp, rammer og retningsliner for innføring av eigedomsskatt for alle eigedommar i Gulen kommune med verknad frå 1. januar 2009 vart vedteke i Sakkunnig Takstnemnd 06.02.2009.
Eigedomsskatteliste utlagt til offentleg ettersyn
Kommunestyret har med heimel i eigedomsskattelova §§ 3 og 4 vedteke å utvida eigedomsskatten til å gjelda heile kommunen frå 1. januar 2009.
Tilbakemeldingsskjema
Her finn du skjema for tilbakemelding i høve feil ved faktaopplysingar ved eigedom.
Informasjon i høve eigedomsskatt
Gulen kommune har vedteke å innføra eigedomsskatt på alle eigedomar i kommunen. I samband med dette skal alle eigedomar synfarast utvendig og takserast.
Eksterne ressurser
- Skatter og avgifter