Framsida > Artikkel

Søknad om spelemidlar

Sogn og Fjordane Fylkeskommune har framleis spelemidlar til utdeling i 2011 til tiltak under den såkalla forenkla ordning. Lag og organisasjonar som har lyst å etablere mindre nærmiljøanlegg vert oppmoda om søke fylkeskommunen. Pengane vert delt ut etter hvert som fylkeskommunen mottek søknader. Førstemann til mølla!

Info om forenkla ordning:

Mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg

Element med rett til tilskot
Det kan i utgangspunktet søkjast om dei same anleggstypar/element som spesifiserte i pkt. 3.2.1, men fylkeskommunane kan i tillegg gjere ei stendig skjønnsmessig vurdering. Det kan søkjast om tilskot til mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg gjennom heile året. For mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg er det ikkje krav om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning.

Tilskotssum og sumgrense
Godkjend kostnad er avgrensa oppover til kr 80 000. Nedre godkjende kostnadsramme er kr 20 000. Det vert gjeve stønad med inntil 50 % av godkjend kostnad, avgrensa oppover til kr 40 000. Tilskotssummen kan ikkje vere mindre enn kr 10 000. Sakshandsamingstid i fylkeskommunen: Hovudregel: Inntil fem veker.

Legg inn søknaden gjennom www.idrettsanlegg.no

Gje deretter beskjed til kulturkonsulenten via epost anne-karin.misje@gulen.kommune.no, eller telefon 57 78 20 06 så den kan overførast til fylkeskommune.

Web levert av CustomPublish AS